No kan du førehandsrøyste i gamlebiblioteket

Vi har ettermiddagsope alle kvardagar i tillegg til kveldsope på torsdagane.

Erlend Friestad  

Hareid kommune har frå måndag 30. august flytta førehandsrøystinga ned i gamlebiblioteket på rådhuset. Inngangen er frå Bankplassen.

Årsaka til at vi endrar førehandsrøystestad er å ha god plass til å avvikle valet. Her kan mange stå i kø samstundes og likevel halde ein meter avstand.

Fram mot valdagen 13. september har vi ettermiddagsope kvar dag.

  • Frå 30. august-3. september har vi ope frå klokka 10-17
  • Frå 6. september til 10. september har vi ope frå klokka 10-18
  • Torsdagane har vi ope til klokka 20.

Hugs legitimasjon. Det må du ha for å røyste. Det er også fint om du har klar valkortet når du kjem, så er et enklare å finne deg i manntalet.

Vi oppmoder alle som har bestemt seg for kva dei vil røyste om å nytte førehandsrøysteperioden. Målet er å unngå kø på valdagen. Dette er eitt av grepa vi tar for å minske smitterisikoen i valgjennomføringa.

Gratis parkering

Hapark har opna for gratis parkering i inntil 30 minutt for alle som skal røyste i stortingsvalet. Dette gjeld Banklplassen bortsett frå dei plassane som er merka som reserverte.

Sjuk?

Då vil vi at du ventar med å røyste til du er frisk. Dersom det di er einaste moglegheit til å røyste, kan du kome likevel, men då vil vi du skal røyste utandørs eller i bilen din. Nytt ringeklokka på døra for å kalle oss ut. Sjå elles spørsmål/svar nedst i artikkelen.

Røyste heime?

Dersom du er sjuk eller ufør og ikkje kan kome deg til eit vallokale, kan vi kome heim til deg. Ring sentralbord på 70 09 50 00 eller send e-post til postmottak@hareid.kommune.no for å be om å få heimerøystin. Vi håpar du kan gjere det innan 6. september, men siste frist er ikkje før 10. september klokka 10.

Blir det val i år?

Ja. Enkelt og greitt. Valet skal gjennomførast. Det er ikkje mogleg å utsetje det. Det ser ut til at situasjonen vil vere roleg og oversiktleg i august og september. Men vi har planlagt for at situasjonen kan bli verre – slik at vi ikkje blir overraska av eit lokalt utbrot.

Eg er sjuk og har symptom på luftvegsinfeksjon. Kva gjer eg?

Då skal du ikkje møte i ordinært vallokale.

Dersom du er sjuk i førehandsrøysteperioden vil vi at du venter med å røyste til du er frisk. Er dette likevel einaste moglegheit for å røyste, kan du gjere to ting:

  1. Du kan kome til rådhuset, så kjem vi ut til deg med naudsynt utstyr. Ring oss gjerne på førehand på sentralbordet 70 09 50 00.
  2. Dersom du ikkje kjem deg til rådhuset utan å vere nærkontakt med andre, kan vi kome heim til deg med naudsynt utstyr. Ring på 70 09 50 00 eller send e-post til postmottak@hareid.kommune.no. Siste frist for å melde inn dette er 10. september klokka 10.

Dersom du er sjuk på valdagen vil det bli ei eiga utandørsløysing du kan nytte ved rådhuset. Gå til inngangen på framsida (mot Strandgata). Her vil det litt avhengig av trøkk, vere folk til å ta imot deg, eventuelt kan du kalle røystemottakarane ut ved å ringe på ringeklokka.

Alle som vil røyste, skal få røyste.

Eg sit i karantene. Kva gjer eg?

Då skal du ikkje møte i ordinært vallokale.

Å røyste er sett på som eit naudsynt ærend. Du kan derfor forlate karantenestad for å røyste så lenge du ikkje kjem i nærkontakt med andre eller må ta kollektivtransport.

Dersom du sit i karantene skal du ikkje møte i ordinært vallokale.

Dersom du hamnar i karantene i førehandsrøysteperioden, vil vi at du skal vente med å røyste til du er ute av karantene. Er dette likevel einaste moglegheit for å røyste, kan du gjere følgande ting:

  1. Du kan kome til rådhuset, så kjem vi ut til deg med naudsynt utstyr. Ring oss gjerne på førehand på sentralbordet 70 09 50 00.
  2. Dersom du ikkje kjem deg til rådhuset utan å vere i nærkontakt med andre, kan vi kome heim til deg med naudsynt utstyr. Ring på 70 09 50 00 eller send e-post til postmottak@hareid.kommune.no. Siste frist for å melde inn dette er 10. september klokka 10.
  3. Dersom du hamnar i karantene på valdagen, skal du røyste på rådhuset - på særskild røystestad. Gå til inngangen på framsida (mot Strandgata). Her vil det litt avhengig av behov, vere folk til å ta imot deg, eventuelt kan du kalle røystemottakarane ut ved å ringe på ringeklokka.
    Dersom du ikkje kan kome deg dit utan å vere nærkontakt med andre, skal du ikkje gå hit. Då kan vi kome heim til deg med naudsynt utstyr. Siste frist for å melde inn dette er klokka 10 på valdagen 13. september. Ring 70 09 50 00 eller send e-post til postmottak@hareid.kommune.no.

Alle som vil røyste, skal få røyste.

Eg sit i isolasjon. Kva gjer eg?

Då kan du ikkje gå ut av huset. Du kan derfor ikkje røyste i eit vallokale.

Dersom du sit i isolasjon i førehandsrøysteperioden, må du vente med å røyste til du er friskmeldt.

Dersom du sit i isolasjon på valdagen, vil valfunksjonærar kome heim til deg med røystesetler og urne. Dei vil også ha på seg naudsynt smittevernutstyr. Siste frist for å melde inn dette behovet, er valdagen 13. september klokka 10.

Ring 70 09 50 00 eller send e-post til postmottak@hareid.kommune.no.

Alle som vil røyste, skal få røyste.

Korleis påverker koronapandemien førehandsrøysteperioden?

Vi ønsker at fleire nyttar seg av førehandsrøysteperioden i år enn tidlegare år. Då får vi spreidd veljarane utover og vi unngår kø på valdagen. Å unngå kø er eit av dei viktigaste smitteverntiltaka.

For å få fleire til å førehandsrøyste, vil vi ha utvida tilbod. Vi vil også nytte alternative lokale tilpassa smittesituasjon og kor mange som røyster.

Førehandsrøystinga er flytta til gamlebiblioteket. Her er det betre plass og lettare å ha gode smittevernrutiner.

Førehandsrøystinga vil vere open på følgande tidspunkt på kvardagar:

  • 10. august - 27. august: klokka 09-15
  • 30. august - 3. september: klokka 10-17
  • 6. september - 10. september: klokka 10-18
  • Torsdagane 2. og 9. september er det langope til klokka 20.

Merk: Sjå eigne punkt/spørsmål om sjukdom og karantene.

Korleis blir valdagen med tanke på koronapandemien?

Valdagen blir stort sett som før, men med mykje godt smittevern.

Det betyr følgande:

  • Er du sjuk, i karantene eller i isolasjon, kan du ikkje nytte vanleg vallokale for å røyste. Sjå eigne spørsmål for detaljar

  • Alle skal sprite hendene sine på veg inn og ut av vallokalet.

  • Hald avstand – minst 1 meter til alle i vallokalet. Pass særleg på dersom det skulle oppstå kø.

  • Host/nys i olbogen og unngå å ta deg sjølv i andletet.

Kan eg røyste elektronisk?

Nei. Alle må røyste med røystesetlar. Hovudregelen er at du skal røyste i vallokale. I særskilde tilfelle kan veljarar få røyste heime eller utandørs. Sjå spørsmål om sjukdom, karantene, isolasjon og risikogruppe for detaljar.

Kan eg røyste heime?

Ja. I særskilde tilfelle kan du det. Då vil to valfunksjonærar kome heim til deg med røystesetlar og urne. 

  1. «Ordinær» sjukdom: Dersom du ikkje kjem deg til eit vallokale på grunn av sjukdom eller uførheit, fysisk eller psykisk, kan du røyste heime på førehand. Andre særskilde grunner kan også gi grunn til heimerøysting. Ta kontakt med valansvarleg om du har spørsmål. Dette er ei ordning som gjeld uavhengig av koronapandemien. Frist for å melde inn ønske om dette er 10. september klokka 10 (men meld gjerne inn før)
  2. Isolasjon: Dersom du sit i isolasjon på valdagen kan vi kome heim til deg. Frist for å be om dette, er klokka 10 valdagen 13. september.
  3. Karantene: Dersom du sit i karantene på valdagen og ikkje kan kome deg til særskilt røystestad utan å ta kollektivtransport eller vere i nærkontakt med andre, kan du få røyste heime. Frist for å be om dette er valdagen 13. september klokka 10.

Ring 70 09 50 00 eller send e-post til postmottak@hareid.kommune.no om du treng heimerøysting.

Alle som vil røyste, skal få røyste.

Eg er i risikogruppa og tør ikkje kome til vallokalet. Kva gjer eg?

Vi vil gjere vårt beste for at det skal vere trygt å kome til vallokalet. Kommunal- og moderniseringsdepartementet reknar med at risikoen for smitte i vallokalet vil vere svært låg dersom vi følgjer smittevernrettleiaren for valet som dei har utarbeida. Den vil vi sjølvsagt følgje. Det vil då vere forsvarleg for veljarar i risikogruppene å kome til vallokale for å røyste.

For å redusere risiko ytterlegare kan du bruke smittevernustyr og kome til vallokale på eit tidspunkt der det er lite trafikk, til dømes midt på dag. Førehandsrøysteperioden er frå 9. august. Også her er det rikeleg med tidsrom der det er lite trafikk. Kontakt gjerne valansvarleg for råd.

I særskilde tilfelle kan det vere aktuelt å røyste heime. Sjå eige spørsmål om heimerøysting.

Alle som vil røyste, skal få røyste.

Kva smittevernreglar gjeld når eg skal røyste?

For at valet skal vere trygt for alle, både dei som jobbar med det, og dei andre veljarane, må vi følgje dei vanlege smittevernreglane:

  • Dersom du er sjuk, i karantene eller i isolasjon kan du ikkje røyste i ordinært vallokale. Sjå eigne spørsmål om desse situasjonane

  • Hald avstand, minst 1 meter, helst 2. Pass særleg på dersom det skulle oppstå kø.

  • Host/nys i olbogen og unngå å ta deg sjøl i andletet.

  • Sprit hendene både på veg inn og ut av vallokalet.