No kan du søke om treningstider

No er tid for å søkje om treningstider i Hareidhallen og i symjehallen for skuleåret 2020/2021.

Klikk for stort bilete Erlend Friestad  

Etter ønske frå lag og organisasjonar som nyttar seg av Hareidhallen og symjehallen har vi fått innspel på å tildele treningsitider på våren slik at det er klart til oppstart til hausten – og det ønsker vi å imøtekome.

Ny søknadsfrist for tildeling er difor sett til 15. mai 2020.
Send epost til: postmottak@hareid.kommune.no og mrk «Treningstid»

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Abonner på vårt nyheitsbrev.

Gymsalane og andre rom ved skulane er det den enkelte rektor som administrerer. Tider blir tildelt tidleg på hausten.