No kan du søke plass på kulturskulen!

Likar du å synge, spele, danse eller teikne? Hos Hareid musikk- og kulturskule kan du gjere alt dette.

«LEVANDE UTTRYKK!» er visjonen vi i kulturskulen på Hareid har vald.

Vi skal gje born og unge i Hareid dei beste muligheitene til å utvikle sine kunstnariske evner og ibuande skaparkraft, og bidra til at elevane utviklar ei vedvarande interesse for kunst og kultur.

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Kulturskulen skal

  • gje elevane opplæring i tråd med intensjonane i læreplanverket/kunnskapsløftet.
  • vere eit kulturelt ressurssenter for kommunen sine innbyggjarar.
  • ha eit godt samarbeid med barnehagar, grunnskule, vidaregåande skule og kommunen sitt frivillige kulturliv.

Søknadfrist for opptak er 15. mai.

Les meir om kulturskulen og finn lenke til søknadsskjema her.