No kan du søkje om treningstider 

No er tid for å søkje om treningstider for skuleåret 2021/22 i Hareidhallen, Hareid symjehall og gymsalen i Brandal.

Klikk for stort bilete Erlend Friestad  

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Etter ynskje frå lag og organisasjonar som nyttar seg av Hareidhallen og symjehallen har vi vald å  tildele treningstider på våren slik at det er klart til oppstart til hausten.

I år vil vi også dele ut treningstid i gymsalen i Brandal, som er eigd av kommunen. Her kan både idrettslag og frivillige lag og organisasjonar søkje om tid. Merk: Treningstider for gymsalen i Brandal vil berre bli gitt til lag og organisasjonar med tilknyting til Brandal krins.
 
Vanleg tildeling av tider for lag, kor og kops i gymsalane på dei andre skulane, vert tildelt av rektor ved dei ulike skulane i eiga ordning.

Søknadsfrist  for tildeling av tider er sett til 15. mai 2021

Send epost til: postmottak@hareid.kommune.no og merk  «Treningstid og stad»


Ved spørsmål ta kontakt med 
Christine Riise Øvrelid
Spesialkonsulent kultur