No kan frivillige lag og organisasjonar søke momskompensasjon

Totalt skal det delast ut 1685 millionar kroner. Klikk for stort bilete PxHere  

No kan frivillige lag og organisasjonar søkje om momskompensasjon frå Lotteri- og

stiftelsestilsynet som skal fordele 1685 millionar kroner i momskompensasjon.

Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet gjennom å kompensere for kostnadar som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og teneste.

Målgruppa er aktive og frivillige organisasjonar som er registrert i Frivillighetsregisteret, men avgrensa til:

  • demokratiske ikkje-økonomiske foreiningar
  • trus- og livssynsorganisasjonar
  • stiftelsar – det er stiftelsen sin eigenaktivitet som er grunnlag for vurdering av om det blir drevet verksemd som fell inn under ordninga. Utdeling av midlar til frivillig verksemd tilfredsstiller i seg sjølv ikkje kravet til frivillig verksemd.

Søknadsfristen er 1.september 2020, men fleire lag og organisasjonar må sende søknad via sentralleddet som ofte har frist tidlegare. Hugs at alle som søkjer må vere registrert i Frivillighetsregisteret.

Søknadsskjema og meir om ordninga finn på Lotteri- og stitfelsestilsynet sine sider.