No kan gravide få koronavaksine

FHI har kome med nye råd for gravide. Er du i 2. eller 3. trimester, blir du no råda til å ta vaksinen.

 

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Gravide har noko høgare risiko for å få alvorleg sjukdom av koronaviruset. Samstundes viser data frå land kor gravide har blitt vaksinert at vaksinen ikkje gir uheldig påverknad på svangerskapet.

Summen av dette gjer at FHI no råder alle gravide i 2. eller 3. trimester om å vaksinere seg. Av føre-vara-grunnar blir normalt ikkje gravide vaksinert i 1. trimester. Gravide som er i risikogruppe for alvorleg sjukdom, kan vaksinere seg også i 1. trimester.

Vaksine til mor i svangerskapet kan også beskytte det nyfødte barnet. Antistoffa som mor dannar etter vaksinasjon, vil som andre antistoff bli overført til barnet. Dei fyrste månadane vil derfor barnet kunne vere beskytta mot koronaviruset.

Kvinner som planlegg å bli gravide og kvinner som får IVF-behandling kan også ta vaksinen.

Dersom du som gravid tidlegare har takka nei til vaksinen, men no ønsker å ta han, kan du kontakte helsestasjonen på