No kan verksemda di søke om koronastøtte

Har di verksemd tapt pengar på koronapandemien? Hareid kommune skal dele ut 1,5 millionar i kompensasjon.

Klikk for stort bilete Erlend Friestad  


Stortinget har vedtatt ei kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder. Desse midla er det kommunane som skal dele ut til lokalt næringsliv som har vorte særleg hardt råka av koronapandemien. Denne kompensasjonsordninga vert fordelt til kommunane på basis av folketal og generell arbeidsløyse. På landsbasis er det snakk om ei løyving på 1 milliard kroner. Hareid kommune sin del av dette vert kr 1 331 612.

I tillegg har Kommunal- og moderniseringsdepartementet løyva ytterlegare 750 millionar kroner. Desse midla er fordelt etter talet på tilsette innan overnatting og servering. Hareid kommune sin del av denne potten er 250 000 kroner.

Les meir om ordninga i tildelingsbreva her (PDF, 806 kB) og her (PDF, 819 kB).

Totalt har Hareid disponibelt kr 1 581 612 i den kommunale kompensasjonsordninga.  Midlane vert fordelte etter søknad og det kan søkast om inntil kr 100 000 i kompensasjon for tapte inntekter eller ekstra kostnader på grunn av pandemien.  Alle registrerte næringsføretak i Hareid kommune kan søke på ordninga.

Tildelinga skjer etter søknad og etter fylgjande kriterium:

  • Lokale verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane, og andre verksemder som av ulike grunnar fell heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.
  • Lokale verksemder som har hatt kostnadar eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging.
  • Verksemda må vere registrert i Brønnøysundregisteret og ha adresse i Hareid kommune.
  • Maksimal grense for tilskot frå ordninga er kr 100 000.

Ordninga trer i kraft 23.04.2021 klokka 12:00 og søknader vert handsama løypande til fondet er tomt, eller til søknadsfristen går ut 15.06.2021.

Alle søknader må sendast inn via regionalforvaltning.no og du finn søknadsskjema under «Hareid kommune – kap. 553.68 Kommunal kompensasjonsordning»