No kjem batteribygget snart

Hareid kommune har fått søknaden frå Fjord 1 om batteribygg. Næring- og miljøutvalet skal handsame saka rett etter påske.

Klikk for stort bileteBatteribygg og ladetårn sett frå nordaust.

Administrasjonen meiner søknaden frå Fjord 1 er innafor rammeløyvet som tidlegare er gitt. Dei rår derfor NMU til å godkjenne igangsettingsløyvet.

I tillegg til batteribygg vil det kome ladetårn og andre naudsynte tekniske løysingar i samband med elektrifiseringa av ferjedrifta.

I byggeperioden vil parkeringsplassane i nærleiken av batteribygget bli brukt som riggområde. Desse vil dermed vere stengt. Følg skiltinga.

Her kan du lese heile innkallinga til Næring- og miljøutvalet 23. april.

Klikk for stort bileteBatteribygg sett frå nordvest.