No kjem julelysa: Miljøgata stengd tysdag og onsdag

Miljøgata blir stengd to dagar for siste finnish og julepynting.

Klikk for stort bilete  

Tysdag 26. november blir miljøgata stengd i om lag fire timar ved trafoen fordi Mørenett skal fjerne innmaten i trafoen.

Onsdag 27. november blir gata stengd heile dagen. Då skal Hareid kommune henge opp julelys og må ha lift ståande midt i vegbanen.

Same dag skal entreprenør starte med å gruse det siste stykket av gata slik at det blir klart til asfaltlegging. Gata vil uansett om det ikkje er heilt klart for asfalt, vere rydda til offisiell opning og julegrantenning fredag 29. november.