No må du fornye skjenke- og salsløyve

Alle som serverer eller sel alkohol i Hareid kommune på søkje løyve på nytt då løyveperioden går ut 30. september.

Klikk for stort bilete Pexels.com  

Dersom verksemda ønsker å selje/skjenke alkohol etter denne dato, må søknad om løyve sendast inn innan 14.06.2020. Søknaden skal opp i levekårsutvalet 26.08.2020, formannskapet 14.09.2020 og kommunestyret 24.09.2020.

Søknadar som kjem inn etter fristen kan ikkje rekne med å vere med i behandlinga i dei politiske møta som skissert over, men vert behandla i seinare politiske møter.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Meld deg på vårt nyheitsbrev.

De skal nytte våre elektroniske søknadsskjema. Namnet på eigar/dagleg leiar og styrar og vara for denne skal vere oppgitt med telefonnummer og e-postadresse. Det er og viktig at vedlegga vi etterspør vert lagt ved søknaden eller vert ettersendt.

Ei god skildring av konseptet, opningstider med meir, vil vere med på å gjere sakshandsaminga enklare.

LES OGSÅ: Alkoholpolitisk handlingsplan 2020-2024 (PDF, 668 kB)

Før handsaming av søknad kan skje må alle opplysningane vi etterspør vere utfylt.

Søknadsskjema finn de her:

Informasjon om servering, sal og skjenkeløyve finn de på heimesida til Hareid kommune.

Følgjande vedlegg må følge søknaden:

  • Firmaattest for alle selskap som er involvert i drift av staden
  • Skatteattester/meirverdiavgift frå Skatteetaten
  • Dokumentasjon på styrar (dagleg leiar) og vara for denne si tilknyting til staden
  • Kopi av bevis for bestått kunnskapsprøve om alkoholloven for styrar og vara for denne
  • Teikning over område der løyve skal gjelde
  • Leigekontrakt

Om de har spørsmål, ta kontakt med sakshandsamar Johnny Berge på e-post: johnny.berge@hareid.kommune.no eller tlf. 948 64 377.