No opnar biblioteket!

Fredag 21. mai klokka 10 kan vi endeleg opne dørene til det nye, flotte biblioteket på Hareid.

Ann Kristin Sørensen, Bente Elvebu og Anne Vasstrand er klare til å ta imot besøk i det nye biblioteket! 

Det har vore ein lang prosess og opninga vart seinare enn fyrst anslått, men no skjer det!

Vi skulle aller helst hatt ein stor fest og masse arrangement. Det at Hareid har fått dette flotte lokalet er grunn til å feira. Dessverre veit vi alle at det ikkje går på grunn av koronapandemien.

No er det viktigaste at dørene opnast og at folk igjen kan låne bøker og elles ta i bruk lokalet, samtidig som vi alle må tenkje på smittevern. I tillegg til nasjonale retningslinjer vil Hareid folkebibliotek ha desse smittevernreglane så lenge det er naudsynt;

  • Du må vaske deg med framsett handsprit før og etter bibliotekbesøket.
  • Bruk biblioteket sine utlånsautomatar. Vask med framsett eingongsserviett etter bruk.
  • Det er ikkje tillate å ete og drikke i biblioteket.
  • Vi oppmodar deg om å ikkje opphalde deg  i biblioteket lengre enn naudsynt.
  • Talet på samtidig besøkande vert avgrensa til 40 personar.

 

Fredag held biblioteket ope 10-15.  Laurdag er det ope 10-14.

Sjå elles heimesida vår for fullstendige smittevernreglar og vidare opningstider.

Vi ynskjer alle velkomne til biblioteket og vil takke alle som har bidrege til at Hareid har fått eit slikt flott bibliotek og ikkje minst alle frivillige som har hjelpt oss i prosessen.