No skal det asfalterast – ikkje bli sperra inne!

Både Reina og Røysetvegen skal få nytt dekke. Då må vegane stengast medan asfalten blir lagt.

Klikk for stort bilete

I motsetnad til ved gravearbeid, der ein gjerne stenger vegen på eitt punkt, vil lengre strekningar bli stengde når asfalten blir lagt. Asfalten er varm og treng å kolne før vegen kan opnast for biltrafikk.

Det er derfor viktig å halde seg oppdatert slik at ein ikkje blir sperra inne når innkøyrsla/avkøyrsla di blir avstengd.

Reina/ Gamle Brandalsvegen

onsdag 12.06 frå kl 08 blir det lagt asfalt i Reina og Gml Brandalsvegen. Det vil føre til stengd veg og stengde utkøyrsle frå tomtar som ligg langsmed strekninga som skal asfalterast. Viss du skal ut med bil i tidsrommet 08-16 vil det vere smart å parkere bilen utanfor område som ikkje har asfalt i dag. Då er du sikker på at du ikkje blir sperra inne.

Røysetvegen

onsdag 12.06 vil vegen bli klargjort for asfaltering. Ein må pårekne noko ventetid.

OPPDATERT: På torsdag 13.06 blir det lagt asfalt frå Røysetvegen 167 til Bjåstad. No er arbeidet forbi Kvitholkrysset og Kvitholvegen kan nyttast som omkøyring.

Arbeidet startar klokka 0800 og vil helde på utover kvelden. Bilar blir slept forbi ved møteplassane i puljer. Det må påreknast ein del ventetid.

Resten blir asfaltert etter at grøften er komplettert og da vil man asfaltere det gjenstående samla.