No slepp du karantene om du er vaksinert - og du kan gi klemmar

Er du fullvaksinert mot covid-19? Då slepp du å gå i smittekarantene. Du kan også ha nær sosial kontakt med uvaksinerte som ikkje er i risikogruppene.

Klikk for stort bilete Pexels.com/Vlada Karpovitch  

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Frå i dag, 4. mai, vil personar som er fullvaksinerte ikkje måtte gå i smittekarantene om dei har vore nærkontaktar med smitta.

Dersom du berre har fått fyrste dosen, vil du sleppe smittekarantene om det er mellom 3 og 12 veker sidan du fekk vaksinen. Du må også teste deg for covid-19 på dag 3 og 7 etter nærkontakten (men du slepp altså karantene medan du ventar på svar).

Over 1,3 millionar nordmenn har fått minst éin dose med vaksine. I Hareid kommune gjeld det 1069 personar (per 4. mai).

Les meir på regjeringa si heimeside.

Merk: Det er framleis innreisekarantene om du er vaksinert, men dette er noko som er til vurdering.

Nærkontakt

Dersom du er fullvaksinert kan du, i det private rom, ha nær sosial kontakt med uvaksinerte som ikkje er i risikogruppene. Hald framleis 1 meter avstand til uvaksinerte i risikogruppene.

I det offentlege rom, gjeld framleis råd om avstand og reglar for arrangement, med meir.

Les meir om råd for fullvaksinerte her.