No startar arbeidet med Helsehuset

I fyrste omgang skal kabeltrasear for el og fiber leggast om. Sporstøl Arkitekter

Den nye kabeltraseen er merka med raudt. Arbeidet i krysset ved Spar, vil skje i to omgongar slik at vegen alltid er open.

Onsdag 16. januar startar arbeidet med omlegging av EL/fiber rundt Helsehustomta. Arbeidet vil gå føre seg rundt tomta og overgongsfeltet til Spar.

Vegen vil vere open under heile arbeidet, men køyremønsteret blir noko endra. Det kan kome endringar undervegs grunna vêrforholda. Desse vil i so fall bli varsla. Følg med på heimesida for fortløpande oppdateringar. Ved spørsmål kontakt Vebjørn Groven  på telefonnummer 948 77 688.