No startar arbeidet med miljøgata!

Miljøgateprosjektet vert starta denne veka. I fyrste omgang blir det utført grunnarbeid frå rundkjøringa ved bedehuset og vidare inn i Kjøpmannsgata.

Klikk for stort bileteHer er ei skisse over slik miljøgata vil sjå ut. Prosjektet vil tilpassast undervegs så teikningane vil bli endra.

Vegen vert open under arbeidet. Om det blir naudsynt med stenging i kortare periodar vert dette varsla via SMS og her på heimesida. Vi vil strekke oss langt for å minimere ulempene for innbyggarar, butikkar og anna næringsverksemd.

Vedlagt ligg oversiktsteikning og ein kortfatta skildring av kvalitetar i Miljøgata. Vi vil gjer tilpassingar undervegs i prosjektet så teikningane er meint som ein illustrasjon.

Viss du har spørsmål kan du kontakte Vebjørn Groven på telefon 948 77 688.

Treng du parkeringsbevis for å parkere ved rådhuset, kan Groven også kontaktast.