No torsdag er det nedetid for alle tryggleiksalarmar i privatheimar og pasientsignal på Hadartun (omsorgsboligar/sjukeheim)

Estimert varsla nedetid er ca 5 timar og vil skje på dagtid frå morgonen av. 
bilete av person. Hand med finger som trykker på knappen til ein tryggleiksalarm. - Klikk for stort bileteillustrasjonsbilete shutterstock  
 

Torsdag 22. september vil altså ingen tryggleiksalarmar eller pasientsignal fungere i nedetida. Det er ei varsla oppgradering av systemet som er årsaka.

Hareid kommune har i dag om lag 100 tryggleiksalarmar i drift i private heimar/omsorgsbustader og heimetenesta har rutine på å vurdere kven som må prioriterast med ekstra tilsyn/telefon i slike situasjonar. Det er difor ikkje høve til å ringe heimetenesta og oppmode om ekstra besøk.

Er du pårørande til ein som har tryggleiksalarm, må du gjerne ta ein ekstra telefon eller sjå innom denne dagen.

Dersom du som pårørande i nemnde tidsrom vel å opphalde deg i heimen ilag med tenestemottakar, er det ønskeleg at du gjev beskjed om dette til heimetenesta sin vakttelefon. Det kan bidra til at tilsette kan prioritere naudsynt hjelp til andre.

Vakttelefonen til heimesjukepleia: 915 66 732