Nokon gonger snør det i april

Du treng ikkje vere ein Gislefoss eller Prince for å vite det. Likevel er det slik at vintersesongen i Hareid kommune blir avslutta 31. mars.

Erlend Friestad  

Vinterarbeid som brøyting og strøing er i Hareid kommune stort sett gjort av private næringsdrivande som har ansvar for sine roder. For det får dei betalt for beredskapen og for sjølve brøyting og strøing. (Hareid kommune har også nokon roder.)

I alle år har beredskapsperioden blitt avslutta 1. april. Det vil seie at frå den datoen har ikkje brøytarane ansvar for å halde sine roder vintersikre. Dei kan derfor ta av skjæret og plogen frå traktorane for å gjere anna arbeid.

Dei siste dagane har det kome ein del snø, men slik vi vurderer det, kom det ikkje nok til at vi kalla ut ekstra mannskap. Skulle det kome meir kvit nedbør seinare i vår, vil vi sjølvsagt vurdere på nytt.

Dersom det skulle oppstå akutte forhold, må dei – som alltid – meldast inn til vakttelefonen for veg, vatn og avlaup: 970 62 360.

Å utvide beredskapsperioden vil koste mykje meir pengar, så det er ei kost-nytte-vurdering vi sjølvsagt må ta når kontraktar skal lysast ut på nytt, eller eventuelt reforhandlast.