Ny endring i henting av hurtigtestar

For å redusere smitterisiko, blir henting av covid-sjølvtestar flytta til testbrakka oppe ved gamle legesenteret.

Erlend Friestad  

Utlevering blir i tidsrommet 1230-1330.

Dersom tidsrommet ikkje passar, kan du få friske til å hente til deg i legesenteret si opningstid (kl 08-15)

Dei høge nasjonale tala at det kan bli aktuelt med nye, nasjonale tiltak om talet på sjuke/innlagte stig.

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Tre-fire gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

Du vil få informasjon om møta i dei folkevalde organa, bli oppdatert på koronasituasjonen, oversikt over ledige stillingar og andre hendingar i kommuenen.

Trykk på denne lenka for å gå til påmeldingssida.

Det viktigaste du kan gjere for å unngå smitte i Hareid kommune, er å halde deg/barna dine heime ved sjukdom – og ta ein hurtigtest slik at vi har oversikt over smittesituasjonen.

Dei som ikkje har vaksinert seg, rår vi også til å gjere det. Ta kontakt med helsestasjonen for å bestille tid.

Dersom du får eit positivt svar på hurtigtest, må du ta kontakt med legekontoret på telefon 70 30 70 70 for å få stadfesta testen med ein «vanleg» test (PCR).