Ny frist: Meld inn kandidatar til Ungdomens kulturpris

Vi leiter framleis etter fleire kandidatar til ungdomens kulturpris og set derfor ny frist til å nominere.

Klikk for stort bileteArtist Sofie Gjerde Tonev fekk ungdomens kulturpris i 2019. Christine Riise Øvrelid  

Kjenner du nokon som fortener ungdomens kulturpris i Hareid?  No har du høve til å fremje kandidatar.

Veit du om ein einskildperson eller ei gruppe av personar, lag og organisasjon som høyrer heime i kommunen og som i løpet av året, eller gjennom ei årrekkje, har gjort ein særleg stor og verdfull innsats innanfor det utvida kulturomgrepet?

Om du gjer det, kan du fremje vedkomande som kandidat. Framlegget skal vere skriftleg og det skal grunngjevast.

Send via dette skjemaet eller per brev til:

Hareid kommune
v/Sektor for læring og kultur
Rådhusplassen 5
6060 Hareid

Meld inn kandidatar innan 1. november 2020.

Har du spørsmål om prisen?

Fristen for å lansere kandidatar til Hareidprisen gjekk ut 15. september.