Ny kontakttelefon for barn og unge

Tida vi er inne i no, kan vere krevjande for både barn og unge. Det kan vere følelsar og tankar som er vanskelege å handtere i heimen.

Klikk for stort bilete pexels.com  

Vi ynskjer no å gje barn og unge eit tilbod om støttesamtale på telefon.

Tilbodet er ope måndag-fredag frå klokka 09-15. (frå og med 23. mars)

Dette er kontaktpersonar for støttesamtalar i Hareid kommune:

  • Spesialpedagog Elisabeth Skotheim telefon 909 18 572
  • Spesialpedagog Line Lervik Aksnes  telefon 468 23 883
  • Pedagogisk leiar Turid Hjørungdal telefon 947 83 184

Vi lyttar og gir råd og rettleiing.

Ungdomsskuleelevar kan også nytte seg av sosialrådgjevar Tine Helen.

Sjå her for ein oversikt over alle samtaletilboda som finns i kommunen.