Ny nærkontakt i Hareid 11. april - elevar i ventekarantene

Elevar ved Ulstein vidaregåande skule er bedne om å gå i ventekarantene til testsvar er klart.

Klikk for stort bilete 

 

Ein innbyggar i Hareid kommune er sett i karantene som nærkontakt til ein smitta. Han har vore på treningssenter samstundes med eit kjent smittetilfelle i Ørsta kommune.

Vedkomande er elev ved Ulstein vidaregåande skule.

Personen har symptom på luftvegsinfeksjon, men hurtigtesten som blei tatt laurdag kveld var negativ for covid-19. Trass dette, og som eit ekstra tryggleikstiltak, har smittevernlege i samråd med rektor på UVS bede kohorten til denne eleven, inkludert lærarar, å gå i frivillig ventekarantene til ordinært testresultat er klart. Det er venta tysdag.

I tillegg til skulekohorten er fire personar i lovpålagt ventekarantene.

Situasjonen i Hareid kommune er per no, 11. april: 3 personar i isolasjon (smitta) og 15 i karantene (nærkontaktar).