Ny positiv test på Hareid 6. mai

Vi har fått ein ny positiv test på Hareid. Personen har ingen nærkontaktar.

8. mai: Ny test har vist at dette var ein falsk positiv. Les meir ved å følgje denne lenka.

Klikk for stort bilete 

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Smittevegen er førebels ukjend og smittesporing pågår.

Personen tok ein koronatest på grunn av symptom på luftvegsinfeksjon.

For utelukke at dette er ein falsk positivt, vil personen vil ta ny test i morgon fredag.

Alle oss andre bør halde fram med å følgje råda for å unngå at smitte spreiar seg:

  • Hald deg heime viss du er sjuk – også med lette symptom.*
  • Test deg om du har mistanke om at du er smitta, også ved lette symptom.
  • Nys eller host i papirtørkle (eller olboge viss papir ikkje er tilgjengeleg)
  • Vask hendene grundig og ofte med såpe og vatn (handsprit kan nyttast viss vatn/såpe ikkje er tilgjengeleg)
  • Unngå handhelsing og klemming
  • Hugs å halde minst éin meter avstand til personar som du ikkje bur saman med