Ny rekord i førehandsrøysting!

Aldri har så mange røysta på førehand i Hareid kommune. Den nye rekorden er på 1689 førehandsrøyster.

Her er førehandsrøystene som har kome inn i Hareid kommune. Totalen er 1689! Erlend Friestad  

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Både nasjonalt og lokalt har valstyresmaktene gått ut og oppmoda veljarane om å røyste på førehand. Oppmodinga skuldast koronapandemien. Dess meir vi fekk spreidd veljarane utover, dess mindre sjanse for kø og mogleg smitte.

I Hareid kommune låg vi ein del bak landssnittet i starten av førehandsperioden, men den siste veka var det stor trafikk til gamlebiblioteket der førehandsrøystelokalet var.

Fasiten var at vi tok igjen landssnittet med god margin. 47 prosent av dei røysteføre har røysta på førehand i Hareid. Totalen for Noreg er 42 prosent.

Takk til alle som nytta førehandsrøysteperioden, og takk til alle som bidrog med oppgåver i vallokalet, som valfunksjonærar, reinhaldarar og driftsteknikarar.