Ny, sikker kanal for å ha kontakt med helsetenestene

Søre Sunnmøre løftar i flokk og tek i bruk digital innbyggardialog via Helsenorge.no i haust.

Klikk for stort bilete  

Dei sju kommunane på søre Sunnmøre er kjend for gode samarbeid seg i mellom og «Sjustjerna» er blitt eit begrep langt utanfor våre region.

Denne hausten byrjar vi å ta i bruk nasjonale løysingar for innbyggardialog via Helsenorge.no. For innbyggarane våre vil det bety at tenestemottakar av kommunale helse og omsorgstenester eller pårørande for desse, får ein kanal for sikker digital dialog med ansvarleg for tenesteytinga. Her kan ein mellom anna få oversikt over planlagde besøk og få kvitteringar på utførte oppdrag.

Innbyggar som vil ta i bruk løysinga må registrere seg i Helsenorge.no.

Våre sju kommunar tek i bruk løysinga i kommunalt pleie og omsorgssystem i slutten av oktober og byrjar med tenestene «matombering» og praktisk bistand». Meir utfyllande informasjon og dato for oppstart vil kome i oktober. Fram til då ber vi om at de som øsnker å bruke dette tilbodet, les det som står på Helsenorge.no sine sider og registrerer seg der. Då har de tilgong til å sende meldingar den dagen kommunane opnar dialogen.

Sjå meir info om helsenorge.no her.

Sjå også brosjyre frå KS om tenesta.

Her er ein god film som forklarar korleis ein kan samhandle mellom innbyggar og ansvarleg for tenestene: