Ny vaksinetype tilgjengeleg som oppfriskningsdose

Frå og med veke 38 vil vi ha tilgjengeleg ei ny vaksinetype mot koronaviruset.
bilete av hand med hanske på, sprøyte og eit vaksineglas. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto pexels  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Denne vaksinen er også levert av Pfizer, og vil i tillegg til å beskytte mot det opphavelege covid-19-viruset også gi ekstra beskyttelse mot smitte av omikronvarianten BA1.

Vaksinetypen er meint til dei som skal ha oppfriskingsdose.

  • Ved grunnvaksinering (dose 1 og 2) er det fortsatt den originale varianten av vaksinen som blir gitt.
  • Til oppfriskingsdose (dose 3 og 4) kan ein velje mellom gamal eller ny vaksinetype.

Første vaksinasjonsdag vert 21. september.

Vidare planlagte vaksinedagar er:
19. oktober
23. november
14. desember

Klikk her for bestilling av korona-vaksinasjon

Du kan også ringe 468 34 785 eller kontakte Hareid helsestasjon.

Her finn du samla informasjon om koronavaksinasjon i Hareid.