Nye besøksrutinar ved sjukeheimen

For å hindre at smitte blir overført til bebuar eller helsepersonell/anna personell i samband med gjennomføring av besøk til bebuar i institusjon under covid-19-pandemien, skal alle besøkande fortsatt klarererast og loggførast.

Klikk for stort bileteSjukeheim HK

Besøksrutine institusjon i Hareid kommune per 23.11.20: 

  • Personar som kjem reisande frå openberre oransje og raude område i Norge bør ha gjennomført 10 dagers frivilleg karantene før besøk på Hareid sjukeheim, og dei bør ikkje hatt symtom i løpet av denne tida. Ved eventuelle symptom må dei testast lokalt.
  • Personar som har vore på reise i utlandet må følgje vanleg nasjonalt karantene pålegg, og kan om dei er symptomfri besøke sjukeheimen etter karantenetida, utan å setje seg i risiko for smitte i mellomtida.
  • Besøk på pasientrom skal normalt ikkje overstige 2 besøkande og må vere frå same kohort, elles berre éin besøkande om gongen. Tidsavgrensing er berre naudsynt utifrå driftsmessige tilhøve på sjukeheimen. 
  • Unntak må avklarast med kvar eining. Det er ikkje strenge krav ved definert terminal pleie.     

Praktisk gjennomføring: 

  • Alt besøk skal klarerast i forkant på telefon med personalet ved aktuell eining og loggførast med namn, dato og tidspunkt. Rutiner skal gjennomførast av personal før og etter besøk, så dette er naudsynt for godt smittevern.
  • Besøkande skal gi beskjed til personalet ved ankomst og avreise.
  • Alle besøkande skal vere fri for covid-19 symptom og luftvegssymptom generelt.
  • Besøkande skal følge grunnleggjande smittevernrutinar for å verne bebuarar og personale.
    • Handvask/handdesinfeksjon skal utførast av besøkande ved ankomst og avreise. 
    • Sosial distansering handterast ved at ein til ei kvar tid skal halde minst 1 meter avstand mellom besøkande og bebuar/helsepersonell.
    • Besøk skal gjennomførast på besøksrom eller på bebuar sitt rom, eventuelt utandørs. Besøk skal ikkje opphalde seg i fellesområde på einingane.
    • Besøkande skal ikkje opphalde seg i fellesareala på Hareid sjukeheim.
    • Personalet desinfiserar kontaktflater etter avslutta besøk. 
  • Sjukeheimen legg til rette for alternativ kommunikasjon mellom bebuarar og pårørande, eksempelvis gjennom smarttelefon, skype, face-time eller liknande. 
  • Biltur er kun tillete ved transport for nødvendig helsehjelp.
  • Deltaking på private arrangement utanfor sjukeheimen, må vurderast av personalet i kvart enkelt tilfelle. 
  • Det vert ikkje servering av kaffi med meir til besøkande i denne perioden. 
  • Post og gåver skal vere i todagers-karantene på eininga. 
     

Ansvar: helsepersonell tilsett ved den enkelte eining har ansvar for å informere besøkande om gjeldande rutine og besøkande har ansvar for å medverke til å følge aktuell rutine.

Generell informasjon: Bebuarar i institusjon vil grunna høg alder og komorbiditet ha auka risiko for alvorleg sjukdom ved smitte av covid-19. Smitteoverføring frå besøkande er såleis ein risiko, ikkje berre for den enkelte som får besøk, men også for dei andre bebuarane ved institusjonen. Med besøkande meinast pårørande og omgangskrets til bebuarar, frivillige hjelparar og andre som leverer tenester og er med på aktivitetar ved institusjonen. Vi ynskjer færrast mogleg besøkande per bebuar.