Nye korona-rutinar på legesenteret

Hareid legesenter er no delt i to. Vi har oppretta eit eige infeksjonsvavdeling der alle personar med luftvegsinfeksjonar/febersjukdom skal bli vurdert.

Klikk for stort bileteHareid kommune har fått om eit eige smittetelt levert av Røde Kors. Alle med infeksjonssjukdom skal ta kontakt med infeksjonsavdelinga. Harald Berstad/Hareid kommune  

Telefonnummer til ordinært legesenter er 70 30 70 70.

Ring legevakt  på telefon 116 117 om du har behov for legehjelp utanom opningstida.

Inngangsdørene til begge avdelingane er låste. Pasienter må vente i bilen og blir sloppe inn etter tur (kjem de til fots/taxi, må de gi beskjed om det når de kjem).

Årsaka er at vi ikkje vil risikere at personar med potensiell koronasmitte uforvarande kjem inn på legesenteret. Då må legekontoret stengast for desinfisering. Dette har allereie skjedd ein gong på nattlegevakten på Myrvåg.

Luftvegsinfeksjon/feber/koronatesting

Alle som har luftvegsinfeksjon/febersjukdom, til dømes alle med hoste, sår hals, feber og tungpust blir viste til den nye infeksjonsavdelinga. Det same gjeld også viss du trur du er smitta av koronaviruset/har covid-19 sjukdom. Smittevernlegen vil då vurdere testing. Vi følgjer folkehelseinstituttet sine retningslinjer på kven som skal testast. Dei finn du her.

Alle pasientar må ha avtale før dei kjem.

Det er sett opp testtelt på parkeringsplassen utanfor legekontoret. Sjølve kontoret til infeksjonsavdelinga er der helsestasjonen vanlegvis held til. (Den er mellombels flytta til Hareid barnehage.)

 

Ordinær legetime

Telefonnummer til ordinært legesenter er 70 30 70 70.

Skal du til avtalt time for noko anna enn infeksjonssjukdom, men er forkjøla/feber/har andre symptom på luftvegsinfeksjon må du ringe legekontoret på førehand og gi beskjed. Dei vil då vurdere kva som skal skje vidare.

Enkelte pasientar som skal til ordinære timar vil bli bedt om å ha timen over video/telefon. Dei det gjeld vil få beskjed. Grunnen er at vi ønsker å minske smittepresset på både pasientar og legesenteret.

 

Legevakt

Etter ordinær opningstid er det legevakt i Ulstein eller Myrvåg (natt) som må kontaktast. Legevakt (telefon 116 117) skal berre nyttast til konsultasjonar som ikkje kan vente til dagtid når legekontoret er ope. Alle som skal til legevakt må ha avtale på førehand. Gi tydeleg beskjed dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon/feber. 

Ikkje ring legekontor, legevakt eller 113 viss du har generelle spørsmål om koronaviruset. Folkehelseinstituttet har oppretta ei eiga telefonlinje til dette: 815 55 015.

Nattlegevakten vil frå no vere stasjonert ved Myrvåg legevakt i tidsrommet kl 22-08. Dette med bakgrunn i den pågående pandemi-situasjon og et ønske om å minske smitte-presset mot sjukehuset i Volda