Nye koronaråd for å bremse smitte

Regjeringa har lagt fram nye råd, råd som også vi i Hareid kommune følgjer.

 

Fleire har spurt Hareid kommune om kva dei skal gjere med arrangement i desember. Til det kan vi svare at vi i kommunen per no ikkje har andre råd enn dei nasjonale. Arrangørar må gjerne ta ei ekstra vurdering av om sine arrangement legg til rette for at deltakarane kan klare å halde råda som blir gitt (sjå under).

Per no er det ikkje krav/reglar til arrangement i Hareid kommune.

LES OGSÅ: 3. desember: 6 nye smittetilfelle + 2 positive hurtigtestar

LES OGSÅ: Strengare reglar for karantene og isolasjon

 

Fyrst det viktigaste:

Hald deg heime og test deg: Dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon skal du ikkje gå på jobb/skule/vere sosial. Ta ein hurtigtest snarast råd. Du får utdelt gratis hurtigtestar frå smittebrakka ved gamle legesenteret mellom 1230-1330.

Vaksine: Dersom du ikkje har tatt vaksinen enno, ber vi deg sterkt vurdere ein gong til om du kan ta den og eventuelt 2. og 3. dose om du har droppa dei. Alle over 12 år har fått tilbod om vaksine. Dei som er yngre enn 16 har fått tilbod om éin dose, dei mellom 16 og 65 har fått tilbod om to dosar, medan dei over 65 har fått tilbod om tre dosar.

På vår koronaportal kan du halde deg oppdatert på kva reglar/råd som gjeld og smittesituasjonen i Hareid kommune.

Nye råd

Torsdag 3. desember kom det nye råd frå regjeringa for å bremse smitten. Under følger dei punktvis.

Avstand

Hald avstand til andre. Helst ein meter om det er mogleg. Unngå handhelsing, klemming og anna fysisk kontakt.

 

Sosial kontakt

Vaksne bør vurdere å redusere talet på nærkontaktar.

 

Munnbind

Bruk munnbind på kollektivtrafikk, butikkar og kjøpesenter der det ikkje er mogleg å halde avstand.

 

Reise

Fleire stader i landet er det innført eigne reglar/påbod/forbod. Du skal alltid følgje reglane i den strengaste kommunen når du er på reise. Det vil seie at om du reiser frå Hareid til Oslo, skal du følgje reglar og råd for Oslo. Reiser du frå Oslo til Hareid, skal du også følgje reglane for Oslo.

For utanlandsreiser: Les meir på helsenoreg.no om reiserestriksjonar og testing på grensa.