Nye koronaråd: Unngå besøk i 14 dagar

Det nye året startar med aukande smittetrykk og smitten spreier seg til nye delar av landet. Regjeringa har derfor kome med nye innstrammingar.

Klikk for stort bileteStatsminister Erna Solberg på pressekonferansen 3. januar om forsterka smitteverntiltak. regjeringen.no  

– Vi har etter jul sett færre som testar seg, og av dei som testar seg får fleire positive testresultat. Smitten er aukande og spreier seg til nye deler av landet. Eg ber nå alle bli med på eit krafttak for å unngå en ny smittebølge, sa statsminister Erna Solberg på ein pressekonferanse søndag kveld.

På pressekonferansen la regjeringa fram nye og forsterka smitteverntiltak og justerte nasjonale retningslinjer. Desse er basert på råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.

Kriseleiing i Hareid kommune skal ha møte i løpet av måndagen. Vi vil då kome tilbake med meir informasjon om korleis dei nye retningslinjene vil påverke tenestene våre. Hald deg oppdatert på situasjonen i Hareid kommune på vår koronaportal.

Les alle råda frå regjeringa her. Under følgjer eit utdrag:

Det viktigaste råda er å følgje dei allereie gode smittevernråda:

  • Hald avstand (minst 1 meter, 2 meter til personar i risikogruppene)
  • Ha god handhygiene. Vask hendene grundig og ofte. Bruk handsprit dersom vatn og såpe ikkje er tilgjengeleg.
  • Hald deg heime om du er sjuk.
  • Test deg om du er sjuk.

 


Dei justerte råda/reglane frå 4. januar og førebels 14 dagar framover, går fyrst og fremst på å avgrense sosial konkakt:

  • Avgrens sterkt kor mange personar du møter privat. Unngå å ha gjestar heime. Vent i 14 dagar med å gå på besøk.
    • Dette gjeld ikkje naudsynte heimetenester og besøk til personar som er i siste fase i livet.
    • Personar som bur åleine kan ha besøk av eller gå på besøk til éin eller to faste venner eller til éin fast husstand. 
    • Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort.
  • Private samankomstar i offentlege eller leigde lokale: maks 5 personar.
  • Offentlege arrangement: maks 10 personar
    • Dersom arrangement-stad har fastmonterte stolar med naudsynt avstand, kan ein ha 200 deltakarar/tilhøyrarar.
    • I gravferder kan det vere 50 personar til stades sjølv om stolar ikkje er fastmonterte
  • For alle arrangement og samankomstar må du kunne overhalde smittevern- og avstandsreglane.
  • Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar innandørs bør utsettast til etter 18. januar. Dette gjeld også alle aktivitetar innandørs som samlar barn og unge på tvers av kohortar.