Nye vassleidningar og parkeringsplassar utanfor Eurospar og T.Riise

Hareid kommune startar opp arbeidet neste veke. Butikkane vil vere tilgjengelege i heile anleggsperioden.

Klikk for stort bilete3. mai startar Hareid kommune med å leggje nye vassleidningar framfor Eurospar og T.Riise. Butikkane er opne i heile anleggsperioden. Erlend Friestad  

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Vi skal vi skifte ut gamle leidningar og opparbeide nytt parkeringsareal for butikkane.  Arbeidet startar utanfor Spar og T.Riise 3. mai.

Her vil vi fyrst starte med å leggje om vatnet til Eurospar før vi flyttar oss til utanfor Sansibar. Her skal vi setje ned ein vasskum for å sikre vatn under prosjektet. 

Butikkane vil vere tilgjengelege under heile prosjektet. Vi kjem med meir informasjon om trafikkavviklinga i løpet av veka. Heimesida blir oppdatert undervegs i prosjektet.