Nytt smittetilfelle Hareid 31. mars

Vi fekk i dag 31. mars stadfesta eit nytt smittetilfelle i Hareid kommune i går.

Klikk for stort bilete 

 


Ein innbyggar i Hareid er sett i isolasjon etter at vedkomande testa positivt på covid-19 tysdag. Det er sannsynleg at personen er smitta anna stad i landet.

Totalt er tre personar sett i ordinær smittekarantene. Éin av desse bur i Hareid og to i Ulstein.

Sju personar er sett i ventekarantene: To i Hareid kommune og fem i Ulstein kommune.

Les meir om dei forskjellige karantenetypene på koronaportalen vår. Her har vi samla all informasjon om koronastatusen i Hareid kommune, samt råd og reglar.

Hald fram med å følgje dei gode smittevernråda, så minimerer vi risikoen for at enkelttilfelle blir til store utbrot:

  • Hald to meter avstand til personar utanom eigen husstand
  • Vask hender ofte med såpe og vatn. Nytt handsprit dersom vatn og såpe ikkje er tilgjengeleg
  • Hald deg heime og test deg om du har symptom på luftvegsinfeksjon – også milde.