Nytt smittetilfelle Hareid 4. april

Ein person er isolert og seks personar er i karantene etter at det blei stadfesta nytt smittetilfelle på Hareid i dag 4. april. Smittekjelda er førebels ukjend.

Klikk for stort bilete 

Den smitta blei testa laurdag 3. april etter ha å fått symptom på luftvegsinfeksjon. Testsvaret kom i dag, søndag 4. april, og var positivt. Vedkomande, som er fast busett i Hareid kommune, er no sett i isolasjon.

Dei fire nærkontaktane som bur i Hareid kommune er alle husstandsmedlemmar med den smitta. Dei sit no i karantene. I tillegg er det to nærkontaktar i smittekarantene annan stad i landet.

Nærkontaktane i Hareid kommune blir testa i dag. Nærkontaktar er i smittekarantene må vere i karantene i til dei får negativt svar på andre koronatest - tidlegast åtte dagar.

11 personar, tilhøyrande fleire familiar, må i ventekarantene. Desse må vere i karantene til nærkontaktane har fått fyrste negative test. Alle i ventekarantene bur i Hareid kommune.

Det er ei teoretisk sjanse for at smitten kan koplast til eit anna tilfelle, men denne teorien er usikker på grunn av tidsperspektivet. Sidan vi på noverande tidspunkt ikkje veit sikkert kva som er smittekjelda, ber vi  alle om å vere ekstra nøye med å halde smittevernreglar og -råd:

  • Hald to meter avstand til personar utanom eigen husstand
  • Vask hender ofte med såpe og vatn. Nytt handsprit dersom vatn og såpe ikkje er tilgjengeleg
  • Hald deg heime og test deg om du har symptom på luftvegsinfeksjon – også milde.
  • Sjå koronaportalen vår for meir fleire råd og reglar.