Nytt smittetilfelle i Hareid 9. april

Denne personen var nærkontakt med kjend smittetilfelle i Ulstein og satt allereie i karantene

Klikk for stort bilete 


Den smitta blir no sett i isolasjon.

Personen har vore i smittekarantene sidan 7. april. Dei tre husstandsmedlemmane til den smitta blei då sett i ventekarantene.

Når ein nærkontakt får positiv test blir alle som er i ventekarantene flytta over i ordinær karantene (smittekarantene).

Smittesporingsteamet har avklara at det ikkje er behov for å setje fleire personar i karantene eller ventekarantene.

Status per 9. april er at vi har tre personar i isolasjon og 14 i smittekarantene. Ingen i ventekarantene.