Nytt smittetilfelle i Hareid 9. januar
Ein gjestearbeidar som kom heim frå julefeire har testa positivt på covid-19.
Vedkomande, som er busett i Hareid, har vore i reisekarantene sidan heimkomst og sit no i isolasjon. Det er registrert to nærkontaktar til smittetilfellet. Begge desse sit allereie i reisekarantene. Dei vil bli testa på måndag.
Vi er heldige som til no ikkje har hatt personar som er blitt smitta i Hareid kommune. Vi har derimot ingen garanti for at det ikkje kan skje. Derfor: hald fram med å praktisere smittevernråda.
Publisert09.01.2021 19.27
Sist endra09.01.2021 19.46