Nytt smittetilfelle i Hareid kommune

Ein utanlandsk arbeidar som kom til Hareid 21. oktober har testa positivt på covid-19.

Klikk for stort bilete 

Vedkomande jobbar ved ei verksemd i kommunen og har vore i karantene sidan han kom til Noreg 21. oktober og isolasjon i eiga leilegheit sidan testresultatet. Han har ikkje utvikla symptom.

Vedkomande nytta eigen transport frå flyplass til Hareid. Reisefølgjet på seks personar er rekna som nærkontaktar og er i karantene. Utover reisefølgjet har ikkje den smitta hatt kontakt med andre personar. Vi reknar derfor med at vi har kontroll på smitta.