Nytt smittetilfelle og framleis ventekarantene på skulen - 13. april

Vi har fått eit nytt smittetilfelle på Hareid. 

Klikk for stort bilete 


Det nye smittetilfellet er frå ein husstand der det allereie var smitte. Personen har derfor vore i karantene og har ingen nærkontaktar.

*

Elevane i fyrste klasse på Hareid skule må vere i ventekarantene ut veka. Læraren som var nærkontakt med eit smittetilfelle på treningssenter i Ulstein, har testa negativt på fyrste test, og det er bra. Utfordringa er at andre nærkontaktar til dette treningssentertilfellet har testa positivt. For å vere på den sikre sida, skal fyrste klasse ha heimeskule ut veka. Læraren skal testast igjen på fredag. Forhåpentlegvis vil svaret vere negativt då også.

Den opphavelege kjelda til smitta på treningssenteret i Ulstein er framleis ukjend, melder Ulstein kommune. Alle som har vore på Aktiv Trening i Varleite frå og med tysdag etter påske (6. april) bør derfor teste seg snarast om dei får symptom.

Det er også verdt å nemne dei gode smittevernråda som kan vere med på å bryte smittevegane på øya:

  • Hald to meter avstand til personar utanom eigen husstand
  • Vask hender ofte med såpe og vatn. Nytt handsprit dersom vatn og såpe ikkje er tilgjengeleg
  • Hald deg heime og test deg om du har symptom på luftvegsinfeksjon – også milde.
  • Sjå koronaportalen vår for meir fleire råd og reglar.