Ein av husstandsmedlemmane til personen som blei meldt smitta 4. april, har no testa positivt.
Dette nye smittetilfellet har fem nærkontaktar som må i karantene. I tillegg må 11 personar i ventekarantene.
Nye opplysningar gjer at vi no er tryggare på kvar denne smitta kjem frå. Hareidsdølingen er mest sannsynleg smitta her i kommunen av ein person busett i annan kommune.
Dei to personane som i går blei sett i smittekarantene annan stad i landet har også fått positiv test.
Personane som er knytt til denne klynga er smitta av den britiske virusvarianten.