Oddbjørn er vår nye byggesakshandsamar

Erlend Friestad  

Oddbjørn Nybø er vår nye (og etterlengta) sakshandsamar innan fagområda byggesak og forureining. Dette betyr at vi endeleg har to stillingar på byggesak igjen. Oddbjørn starta i stillinga 5. januar 2022, og har arbeidsstaden sin på rådhuset i eining for Plan, byggesak og geodata. Stillinga er ny, den vart vedtatt i budsjettet for 2022, og det er ei fulltidsstilling.

Oddbjørn har tidlegare jobba som byggesakshandsamar i Vanylven kommune, og har saman med anna arbeidserfaring og utdanning, mykje relevant kompetanse som kjem kommunen til gode.