Påska 2024:

Tenestene våre har reduserte opningstider i påskeveka. Les meir her.

Offentleg ettersyn av planstrategien 2020 - 2024 for Hareid kommune

Offentleg ettersyn av planstrategien 2020 - 2024 for Hareid kommune

Planstrategien skal synleggjere kva planoppgåver kommunen skal prioritere i gjeldande valperiode. Målet med strategien er å legge grunnlaget for meir samarbeid, betre ressursstyring og betre oversyn over styringssystemet.

 

Kommunestyret vedtok 22. oktober å legge ut forslag til planstrategi 2020-2024 på høyring.

Høyringsfristen er sett til 30 dagar. Kommunen ønsker derfor innspel på innhaldet innan 27. november. 

Innspel kan sendast til postmottak@hareid.kommune.no.

Den kommunale planstrategien er eit dokument som klargjere kva planoppgåver kommune bør starte opp eller rullere vidare for å skape ønskt utvikling i kommunen. Det er slikt sett eit oversiktsverktøy for kommunens folkevalde og tilsette. Planstrategien er heimla i plan og bygningslova paragraf 10-1, og skal utarbeidast og vedtakast seinast eitt år etter konstituering av nytt kommunestyre. Ettersom planen er ein strategi er den ikkje juridisk bindande og må ikkje ut på høyring, men må offentleggjerast minst 30 dagar før kommunestyret behandlar strategien. 

Les heile planstrategien her. (PDF, 2 MB)

Hovudføremålet til strategien er å synliggjere kva planoppgåver kommunen skal prioritere i gjeldande valperiode. Dette handlar om å vurdere planbehovet innanfor ulike sektorar i kommunen ved å skissere opp utfordringane og vala kommunen står ovanfor knytt til samfunnsutvikling og arealbruk. Målet med strategien er slikt sett å legge grunnlaget for meir samarbeid, betre ressursstyring og betre oversyn over styringssystemet.

Innanfor planstrategien skal gjeldande planverk og styringsdokumenter evaluerast slik at alle i den kommunale organisasjonen veit kva for nokon planar som skal prioriterast, og som treng oppdatering ved neste rullering. Planstrategien i seg sjølv skal ikkje fastsette konkrete samfunnsmål, men ser tilbake på tidlegare prosessar og vedtak i kommunen for å skissere opp kva som er statusen i kommunen. Ved aktiv bruk av planstrategien som eit verktøy vil utviklinga i kommunen bli meir effektiv ved at fleire aktørar arbeide i same retning og kjennar til kva for nokon faktorar som skal prioriterast.