Offisiell opning av Helsehuset 7. mai - og snart er biblioteket på plass

Fredag 7 mai kl 1200 vert det nye flotte signalbygget i Hareid sentrum opna. Dette er ein merkedag i Hareid kommune si historie. 

- Eg vil gratulere innbyggarane i Hareid med å ha fått på plass eit smykke av eit bygg med viktige funksjonar, men også med rom for å vere til i og for å trivast, lese til eksamen eller berre slå av ein prat i fellesareala over ein kopp kaffi, seier eigedomsleiar i Hareid kommune, Pergunn Rødseth Gjerdsbakk.

Hareid Helsehus romar fem store og viktige leigetakarar: Nav, fylkestannlegen, legesenter, helsestasjon og bibliotek.

Måndag 3. mai flyttar Hareid legesenter ned til Helsehuset. Då er alle leigetakarane på plass bortsett frå biblioteket. Der arbeider tilsette og frivillige med å plassere ut rundt 20.000 bøker frå 500 kasser. Biblioteket opnar så fort bøkene er i hyllene og utlånsutstyret er installert.

Sjå video frå biblioteksinnflyttinga under:

Helsehuset har ei sentral plassering, midt i Hareid sentrum, eit steinkast frå busshaldeplass, ferje og hurtigbåt. Det gjer det lett for brukarar av helsehuset, men også tilsette frå omkringliggande kommunar.

Byggeprosjektet har vore utført som ei samspelsentreprise med HS Rise Bygg og har hatt ei byggetid på om lag 20 månadar. Det totale arealet på Helsehuset er 5200 kvadratmeter, inkludert 36 parkeringsplasser i underetasje samt eiga ambulansegarasje. Byggekostnad er på 154 millionar.

Grunna restriksjonar kring covid-19 vert opningsarrangementet berre digitalt, utan fysiske gjestar. Hareid kommune vil sende dette direkte på Facebook-sida til Hareid kommune og her på nettsida, slik at alle som vil kan få med seg den hyggelege hendinga. Sendinga vil vere på lufta fredag 7. mai kl 12.00.

På opninga vil mellom anna ordførar og kommunedirektør tale.