Opa dør - lavterskeltilbod

Slit du med søvnvanskar, angst, avhengigheit eller berre har ein vanskeleg periode? Då er dette tilbodet for deg.

 

Slit du med lette til moderate plager der det kan vere tilstrekkeleg med hjelp i ein kort periode, kan dette vere tilbodet for deg. Det kan også vere aktuelt for deg som kjenner på behovet for å ha nokon å prate med her og no, for å få letta på det som er vanskeleg.

Her kan du få samtale utan tilvising frå fastlege. Om det er behov for hjelp frå andre tenester etter kvart kan vi hjelpe med å vise vidare.

Kven kan nytte seg av tilbodet?

Du som er over 16 år med angst, lette til moderate depresjonsplager, søvnvanskar, lettare rusproblematikk, eller du som har ei vanskeleg periode her og no.

Vi held til på Helsehuset i samlokalisasjon med helsestasjonen. Opningstid er måndagar frå klokka 10.00-15.00.

Målet vårt er å kunne vere lett tilgjengeleg, og tilby tid til samtale på dagen.

Du vil møte Vanja eller Trude som er tilsett i teneste for psykisk helse- og rus i Hareid kommune .

Ta kontakt på telefon  915 66 739 mellom kl 08.30 og 14.00 om du ønsker å nytte deg av tilbodet vårt.

Velkomen innom ossJ