Ope foreldremøte i Hareidhallen

Dette er ein fin moglegheit til å lære meir om korleis du kan støtte barna du allereie betyr masse for. Møtet er også ope for besteforeldre, tantar, onklar og andre omsorgspersonar.

Klikk for stort biletePsykolog Hedvig Montgomery stiller på det opne foreldremøtet i Hareidhallen 21. mars. Hareid kommune/montgomery.no

Hareid kommune arrangerer eit foreldremøte for alle som er eller skal bli foreldre, besteforeldre, tanter og onkler eller andre omsorgspersonar.
Temaet for kvelden er «Livsmeistring i barneåra – å bygge ein grunnmur for eit godt liv».

Tid og stad: Hareidhallen 21. mars 2019 klokka 18-21

Psykolog Hedvig Montgomery har over 20 års erfaring med arbeid blant barn og familiar. Ho er ein dyktig føredragshaldar og vil dele erfaringar og triks som er med å hjelpe foreldre med å finne ein veg mot det som vi alle ønsker: Barn og vaksne som har det fint med seg sjølv. Og kvarandre!

Her kan du melde deg på Facebook-hendinga og få oppdateringar om arrangementet.

• Kva er eigentleg det viktigaste du som forelder bør gjere i løpet av barndommen til barnet ditt? Verkty for medgang og motgang
• Korleis får du eit lykkeleg barn? Kor lykkelege treng barn å vere?
• Korleis støtte barnet og legg til rette for at barnet skal kunne utvikle eit godt sjølvbilete
• Kva er det å vere gode nok foreldre

Polenkomiteen står for sal av kafii og kaker. Betaling kontant og med Vipps.

Gratis inngang. Dørene opnar kl 17:30.

Arrangør er Sektor for læring og kultur i samarbeid med barnehagar og skular/tverretatlege samarbeidspartar.

Her kan du lese meir om psykolog Hedvig Montgomery.