Opnar for besøk på sjukeheimen

Men pårande må følgje strenge rutinar og halde avstand.

Klikk for stort bileteHadartun Hareid kommune  

Då koronaviruset kom til Noreg, blei det innført besøksforbod på sjukeheimane. Årsaka var at eldre personar og menneske med underliggande sjukdom er i risikogruppa for å utvikle alvorleg og dødeleg sjukdom av viruset.

LES MEIR: Utfyllande informasjon om helse- og omsorgtenestene våre

Når vi no opnar for besøk på sjukeheimen, må vi framleis ha dette klart føre oss: Besøk på sjukheimen fører til risiko for koronasmitte – ikkje berre den enkelte som får besøk, men også dei andre bebuarane. For å minimere denne risikoen, har vi laga nokre rutiner som alle besøkande må gjennom. Mellom anna:

  • Alle besøk skal klarerast med personalet og loggførast 
  • Alle besøkande skal vaske hender når dei kjem og når dei drar
  • Besøkande må til ein kvar tid halde to meter avstand til bebuarane. Klemming er ikkje tillatt.
  • Maks fem personar per besøksgruppe.
  • Besøka kan vare inntil 30 minutt.
  • Besøka skal helst skje utandørs. Viss innendørs besøk, skal det i hovudsak skje på besøksrom.
  • Har ein symptom på luftvegsinfeksjon skal ein ikkje besøke sjukeheimen (Alle besøkande må svare på spørreskjema om eiga helse). 

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Abonner på vårt nyheitsbrev.

Vi ønsker framleis færrast mogleg besøk til kvar bebuar, grunna smitterisikoen, men veit at både pårørande og bebuarar har eit stort ønske om å få treffast. 
 

Kontaktinformasjon til avdelingane:

Korttidseining

700 37 522

Bueining

700 37 533

Skjerma eining

700 37 539