Opnar for digitale arrangement!

Sjølv om ein sit i karantene, er det mogleg å både gi ut og ta inn kultur – aktivisere og bli aktivert. Det skjer i Hareid opnar no for å reklamere for digitale arrangement.

Klikk for stort bilete pexels.com  

På grunn av koronakrisa kan vi ikkje lenger samlast til kulturarrangement og aktivitetar. Kulturen pressar seg fram likevel. Brakkesyke 2020 er allereie landskjende. Det er ein digitalt konsertstad. Der kan du fleire gangar dagleg få høyre stovekonsertar frå til dels svært kjente norske artistar. Forfattarar har også hivd seg på trenden og les høgt frå sine bøker.

Kan vi få til liknande i Hareid kommune også?! Kultur- og aktivitetskalenderen Det skjer i Hareid opnar no for å reklamere for digitale arrangement.

  • Kva med dagens trim eller yoga?
  • Høgtlesing frå ein av våre forfattarar?
  • Eventyrstund for småbarn?
  • Stovekonsert frå ein av dei mange musikarane i bygda?
  • Kultur- eller historieforedrag frå ein av dei mange kunnskapsrike personane vi har her?
  • Lefsebakekurs?
  • Ord for dagen/andakt?
  • Holstadhornet minutt for minutt?
  • Kviss via chat/videokonferanse?

 

Rettar

Musikar og komponistorganisasjonen Tono har under koronakrisa gitt dispensasjon for å søke/betale for bruk til alle digitale konsertar so lenge dei er idealistiske. Les meir her.

Når det gjeld andre rettar (til dømes bøker) må dei avklarast med forfattar/forlag/opphavsperson. Unnataka er verk der opphavspersonen har vore død i minst 70 år.

 

Retningslinjer/oppskrift

Sjå her for oppskrift på korleis du legg til Det skjer i Hareid som medarrangør.

I tillegg til dei opphavelege retningslinjene, gjeld desse for dei digitale arrangementa:

Retningslinjer for digitale arrangement som vil inn under «Det skjer i Hareid»-paraplyen:

  • Som vanleg er Det skjer i Hareid berre skuggearrangør/medarrangør som bidrar til å spreie den glade bodskapen. Arrangementet må vere oppretta gjennom ein annan Facebookside.
  • Det er berre lokale arrangørar som vil bli godkjende (tilhald i Hareid kommune)
  • Arrangementa må vere digitale via video eller lyd. Arrangement som inviterer personar til ein bestemt stad, vil ikkje bli godkjend.
  • Hareid kommune har satt ei grense på 15 på kor mange personar som kan vere samla på ein stad. Dette vil også gjelde for arrangørar av digitale hendingar. De kan ikkje vere fleire enn 15 til stades under sending. (Og jo færre, jo betre)
  • Det skjer i Hareid kan ikkje ta på seg ansvar for teknisk bistand til livesendingar el.
  • Det skjer i Hareid tar heller ikkje ansvar for å avklare rettar eller liknande – eller ansvar for å betale eventuelle opphavsmenn og -kvinner.