Opnar stengte kommunale bygg

Kommunale bygg har vore stengt for trening- og fritidsaktivitetar sidan nyttår. No opnar vi opp, men det legg også eit større ansvar på lag og organisasjonar for å følgje nasjonale reglar, råd og anbefalingar.

Klikk for stort bileteLag og organisasjonar kan no halde fram med å leige/låne kommunale bygg og hallar. Erlend Friestad  


I kriseleiingsmøte 4. januar blei det bestemt at Hareid kommune skulle stenge kommunale bygg for utleige/lån til fritids- og treningsaktivitetar. Det vedtaket blei gjort med bakgrunn i det tydelege rådet frå regjeringa om å utsette alle slike aktivitetar til 18. januar på grunn av den spente koronasituasjonen.

Denne stenginga blir ikkje vidareført. Det vedtok kriseleiinga fredag 15. januar. 
Frå og med 18. januar vil derfor idrettslag, lag og organisasjonar kunne låne/leige kommunale bygg. Vi forventar likevel at dei då vil følgje dei nasjonale smittevernreglane og oppmodar om at dei følgjer dei nasjonale råda.

  • Per dags dato er råda at fritids- og treningsaktivitetar blir utsett til 19. januar. 
  • Dei enkelte paraply- og interesseorganisasjonane har også utarbeidd retningslinjer for å gjere deira aktiviteta/treningar så trygge som mogleg.
  • For arrangement gjeld det reglar som arrangørar er lovpålagte å halde.
  • Merk: Det er varsla nye reglar og råd frå regjeringa 19. januar.