Opning av 5.-10. trinn på Hareid-skulane

Neste veke opnar dei siste klassetrinna på Hareid-skulane. Les meir om når og korleis her.

Klikk for stort bileteI løpet av veke 20 vil alle klassetrinna i Hareid-skulane opne. 

No er det snart oppstart for dei siste klassetrinna i Hareid kommune, og vi er glade for at vi kan opne skulane igjen. Alt blir dessverre ikkje heilt som vanleg, men elevane skal få kome tilbake og vere saman med andre elevar, møte dei vaksne, høyre til i faste grupper og så smått starte på å normalisere ein kvardag. For dei yngste vil det bli mykje uteskule.

 

Ikkje alle på ein gong

Skulane og trinna startar opp etter dette tidsskjemaet:

  • Bigset skule: 7. klasse startar måndag 11. mai, og 5. og 6. klasse startar tysdag 12. mai. 5.-7. klasse vil ha oppmøtetid kl 08.45.
  • Hjørungavåg skule: 7. klasse startar måndag 11. mai, og 5. og 6. klasse startar tysdag 12. mai. 5.-7. klasse vil ha oppmøtetid kl 08.45.
  • Hareid skule: 7. klasse startar måndag 11. mai, og 5. og 6. klasse startar tysdag 12. mai. 5.-7. klasse vil ha oppmøtetid kl.09.00
  • Hareid ungdomsskule: 10. klasse startar måndag 11. mai, og vil i mai gå kvar dag med vanleg skuletid. 9. klasse startar onsdag 13. mai, og vil gå annakvar dag ut mai. 8. klasse startar torsdag 14. mai, og vil gå annakvar dag ut mai.

Smitterettleiarar

Mange har nok fulgt med i media korleis det blir anbefalt at vi organiserer skuledagane framover. Under er lenker til smitterettleiar for dei ulike trinna. Føresette har fått eit samandrag av desse, tilpassa steget eleven går på. 

Kort oppsummert:

  • Elevane blir delt inn i faste grupper
  • elevar, føresette og skulen skal ha gode rutiner for smittevern og hygiene
  • elevane skal vere heime sjølve små symptom på sjukdom
  • elevane bør unngå skuleskyss om dei har andre alternativ
  • elevane bør ha reine klede kvar dag

Vi oppmodar heimane om å sjå desse videoane saman med eleven og samtale om innhaldet: 

Anna informasjon:

Gode rutinar og forventningar

Skulen har ei avgjerande rolle for barn si læring, omsorg og utvikling. Det er viktig at elevane kan gå på skulen også i denne perioden, samtidig som smittevernet blir ivaretatt. Skulane skal jobbe etter fastsett smittvernsrettleiar. Det meste handlar om å skape gode rutinar og forventningar. Samarbeidar vi godt får vi til gode skuledagar. Ta kontakt med skulen om noko er uklart. Vi gler oss til å sjå elevane igjen, og til at det igjen blir liv og røre i klasserom og på skuleplassen.