Oppdatert 02. juli: Asfalt på resten av Røysetvegen

Entreprenør planlegg asfaltering på Røysetvegen fyrste veka i juli.

Klikk for stort bileteLuftfoto av Snipsøyrdalen. Foto: Per Eide

Arbeidet med asfaltering av Røysetvegen startar i morgon onsdag 3/7 kl. 0800-0830 med første lag asfalt på det som i dag er grusveg. Ein startar ved nr. 284 og arbeider seg mot Bjåstad til eksisterande asfaltkant ca. ved nr. 167.

 

Deretter begynner ein på asfaltlag nr 2, slitelaget frå fylkesveg Bjåstad og mot Kvitholkrysset. Bebuarar bør nytte Kvitholvegen som tilkomst onsdag ettermiddag.

 

Torsdag og Fredag startar arbeidet på nytt med asfaltlag nr 2, slitelag frå Røysetvegen 284 og arbeider seg mot Kvitholkrysset.

 

Måndag 8/3 vert det lagt siste lag frå nr 284 til kryss Ulsetvegen.

 

Omkøyring til eigedomar vert via Ulset og Kvitholvegen etter framdrifta til anlegget. Passering av asfaltleggar vil tidvis ikkje vere mogleg.