Oppdatert 4.10. med endringar! Varsel om asfaltering av Soffibakken, Kyrkjegata og Isakdalen

Det pågår asfaltering i Soffibakken, Kyrkjegata og Isakdalen. Asfalteringsarbeidet vil vere ferdig denne veka. Deretter vil ein halde fram med bygging av 30 meter ekstra gangveg i Isakdalen.

Bilete av arbeid på veg ved kyrkje. - Klikk for stort bilete Johanne Krogstadmo
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Plan for arbeidet

Det kan kome endringar undervegs. Her skal vi varsle så godt som mogleg!

Fredag, 30. september:
Asfaltering av fyrste lag asfalt i Kyrkjegata. Her skal det vere to lag med asfalt. Bebuarar i gata må parkere langs Mjølkevegen eller nytte parkeringsplassen bak Kjøpmannsgata. Vi vil sende ut SMS til dei som bør nytte andre parkeringsareal om dei skal ut med bilen.

Måndag, 3. oktober:
Asfaltering av Soffibakken.
Dette vil medføre at vegen er stengd heile dagen.

Tysdag, 4. oktober:
Asfaltering av 2. lag asfalt på gangvegen i Kyrkjegata og parkeringsarealet nedanfor Hareid kyrkje. 

Onsdag, 5. oktober:
Ferdigstilling av Soffibakken. Dette krevjer at vegen vert stengd nesten heile dagen. Vidare vil ein fortsette med Kyrkjegata. Bebuarar i gatene bes om å parkere langs Mjølkevegen.

Torsdag, 6. oktober:
Ferdigstilling av Kyrkjegata og oppstart av asfaltering i Isakdalen og rundkøyringa. Det vil ikkje vere mogleg å bruke parkeringsplassen bak Kjøpmannsgata denne dagen.


Fredag, 7. oktober: Ferdigstilling av fyrste del av Isakdalen.

Arbeidet vil halde fram Isakdalen i veke 41 (neste veke) då vi no skal bygge 30 meter lenger gangveg enn fyrst planlagt.

Oversiktleg og trygg ferdsel

Hareid kommune takkar for tålmodet i tida arbeidet har pågått!

Av og til må det bli verre før det kan bli betre. No ser vi endeleg fram til nyasfalterte vegar og ny gang- og sykkelsti med belysning langs Kyrkjegata - og med dette, betre oversikt og tryggare ferdsel.

Parkering

Det vert god tilgong til ny og stor parkeringsplass rett bak Kjøpmannsgata, der ein og finn plassar med moglegheit for el-lading. Nedanfor kyrkja og ved sidan av kyrkja vil ein finne både nye og gamle parkeringsplassar klare til bruk. Her er og handicap-plassar.

Det vert etter opninga forbode å parkere langs kyrkjegardsmuren, så vi håper alle som skal til kyrkja vil etterkome dette og bruke dei nye parkeringsplassane.

Oversiktskart - Klikk for stort bileteKart over området.