Oppdatert: Arbeid langs Røysetvegen

Arbeid med møteplassar langs Røysetvegen frå Ulsetbakken er tenkt starta opp førstkomande måndag 29.10

Klikk for stort bilete Johnny Berge

Det vert redusert framkomst under arbeida og noko ventetid må påreknast. Arbeidet er antatt å vare ca. ei veke. Når dette arbeidet er ferdig vil ein byrje på arbeidet med utbetring av Kvitholvegen. Årsaka til at arbeidet med Kvitholvegen må vente er at utbetringa må samanfalle med framdrifta av prosjektet elles av omsyn til omkøyringsmoglegheiter.