Oppdatert informasjon VA Bjåstad-Røyset

Det er no kome nytt autovern langs enden av Røysetvegen ved Ulset. Dette saman med nye møteplassar og asfalt gjer at vi no vonar vegen vil fungere bra som omkøyringsveg under resten av prosjektet.

Klikk for stort bilete

Dessverre vart det kommunikasjonsproblem i går der arbeidet med autovern vart sett i gong utan varsel samstundes som at Kvitholvegen vart varsla stengt, dette beklagar vi. Krysset mellom Kvitholvegen og Røysetvegen er no stengt, samstundes skal Røysetvegen vere open for trafikk mot Ulset som planlagt.